Rolandskvadet
Rolandskvadet
Seks mine jarlar heime vera, gøyme det gullet balde,
Andre seks på heidningalando då svinga dei jørni kalde!
- Rida dei ut av Franklandet med dyre dros i sadel,
Bles i luren Olivant på Ronsalavollen.
Runde dei opp sine silkje segl høgt i sigalråe,
Sigla dei ut åt hei'ingslondo i virkevikune ein og tvåe.
Arene og ankaret tok inn på kvite sanden:
Det var Roland, konungafredan, trødde den fysste på land.
Slogest dei utpå Ronsarvollen i dagane två og trjå;
Blåmennan fall for Rolandssverd som gav seg fyri ljåe.
Fram så søkte blåmann-fjødi skygde fyri sole;
Reddast var ein jamningen bad Roland blåse i hornet.
Roland sette luren fyr blogga munn, så bles han i med vreide;
Ljoden ber ivi hav og fjell, i trio dagar av leide.
Gangi tvei “ta alle ut og taki med dikkon makar,
Sjå um de kan Dvelgedolgen av Rolands handi taka
Det var Magnus kongjen, no set han i å gråta:
Kva tru vantar freden min? No høyrer eg luren låta!
Det var Magnus kongjen,
Skundar han sin fred:
Daud låg Roland konunga-freden,
Heldt i han sitt sverd.
Heim kom Magnus kongjen.
Og settest dei alle traude.
Skipet var fullt av sylv og gull,
Og heidningan låg att daude.
- Artist:Harald Foss