Den Bortkomne Sauen [English translation]

Songs   2024-07-05 01:08:38

Den Bortkomne Sauen [English translation]

Langt innpå ville heii i kalde ver og vind

Der gjekk den ville sauen visste korkje ut held' inn.

Han gjekk og sveiv og dreiv der åleine att og fram

Med storm og uver rasa, og lite mat han fann.

Men hyrdingen han sakna den sau som borte var

Og utpå leiting fór han i fjell og dal og skar.

Til sist so fann han sauen forkomen, trøytt og arm

Og la han oppå herdi med kjærleik mild og varm.

Og no var sauen frelst ifrå kulde, naud og natt

Og hyrdingen seg gledde fordi han fann han att.

Han kalla saman vener, dei gledde seg i lag

Fordi den ville sauen var komen heim i dag.

Ja, eg var denne sauen som gjekk på ville veg

Og Jesus var den hyrdingen som leita etter meg.

Han frelste meg frå syndi og gav meg hjartefred

Og difor vil eg lova han i tid og evighet.

I himlen vert det glede når ein syndar vender om

Ifrå den ville vegen som er så kald og skum.

Høyr hyrdingrøysti kallar: kom heim frå ville veg

Så vert du frelst frå syndi som ned mot myrkeret dreg.

Norwegian Folk more
  • country:Norway
  • Languages:Norwegian, Norwegian (Dano-Norwegian), Swedish
  • Genre:Folk
  • Official site:
  • Wiki:https://en.wikipedia.org/wiki/Music_of_Norway
Norwegian Folk Lyrics more
Norwegian Folk Also Performed Pyrics more
Excellent Songs recommendation
Popular Songs
Artists
Songs