Elsk lyrics
Songs
2024-11-26 05:30:01
Elsk lyrics
Den galne Guten min Hug hev daara;
eg fanga sìt som ein Fugl i Snòra;
den galne Guten, han gjeng so baus;
han veit at Fuglen vil aldri laus.
Aa gjev du batt meg med Bast og Bende;
aa gjev du batt meg so Bandi brende!
Aa gjev du drog meg so fast til deg,
at heile Verdi kom burt for meg!
Ja kund' eg trolla og kund' eg heksa,
eg vilde inn i den Guten vekse;
eg vilde vekse meg i deg inn,
og vera berre hos Guten min.
Aa du som bur meg i Hjarta inne,
du Magti fekk yver alt mitt Minne;
kvart vesle Hùgsvìv som framum dreg,
det berre kviskrar um deg, um deg.
Um Soli lyser paa Himlen blanke,
no ser ho deg, det er all min Tanke;
um Dagen dovnar og Skùming fell:
skal tru han tenkjer paa meg i Kveld?
- Artist:Edvard Grieg
- Album:Haugtussa