Into the Unknown [Norwegian translation]

Songs   2024-06-30 14:48:02

Into the Unknown [Norwegian translation]

Eg har høyrt deg, ver du tyst!

På noko farleg har eg’kje lyst.

Det finst tusen grunnar til å leva slik eg gjer

og å sjå bort frå deg inntil kviskeret ditt fer.

D’er inga røyst, ei synkverving som lurar meg.

Men høyrde eg deg (gjer’kje eg), då ottast eg for det:

Her er alle saman dei som eg elskar og treng.

So løynlege sirene, orsak, du vert utestengd.

Mitt eventyr er over, eg nøyer meg med det.

Eg er redd for kva som hender om eg følgjer deg

i ei ukjend lei, i ei ukjend lei,

i ei ukjend lei!

Kva vil du her? Du får meg til å vera vak.

Er du her for å avlei’, slik eg gjer eit stort mistak?

Eller er du slett nokon som er bitte litt lik meg?

Og veit djupt inne: eg har teke ein rang veg?

Det vert vandare kvar dag med styrken min som aukar på,

og eg kjenner noko inni meg som trår å gå

i ei ukjend lei, i ei ukjend lei,

i ei ukjend lei!

Ventar du på meg der ute?

Kjenner du meg? Viser du veg?

Ikkje far bort frå meg! Kvar dreg du, sei?

Kan eg få følgja deg i ei ukjend lei?

Frozen 2 (OST) more
  • country:United States
  • Languages:Persian, Dutch dialects, Spanish, Chinese+43 more, Portuguese, English, Norwegian, Danish, Polish, Sami, German, Japanese, Russian, Thai, Icelandic, Telugu, Hungarian, Bulgarian, Korean, Italian, French, Ukrainian, Vietnamese, Greek, Finnish, Serbian, Czech, Swedish, Tamil, Hebrew, Catalan, Chinese (Cantonese), Turkish, Slovenian, Dutch, Lithuanian, Kazakh, Arabic (other varieties), Indonesian, Malay, Croatian, Estonian, Romanian, Hindi, Latvian, Slovak, Albanian
  • Genre:Soundtrack
  • Official site:https://movies.disney.com/frozen-2
  • Wiki:https://en.wikipedia.org/wiki/Frozen_2
Frozen 2 (OST) Lyrics more
Frozen 2 (OST) Featuring Lyrics more
Frozen 2 (OST) Also Performed Pyrics more
Excellent Songs recommendation
Popular Songs
Artists
Songs