Lullaby for a Stormy Night [Norwegian translation]

Songs   2024-10-05 02:19:18

Lullaby for a Stormy Night [Norwegian translation]

Vesle barn, ver ikkje redd

Regnet slår hardt mot ruta

Som ein ubeden framand

Me er trygge saman

Eg er her i natt

Vesle barn

Ver ikkje redd

Sjølv om tora slær

Og lynet som blenkjer

Lyser opp det tårevåte fjeset ditt

Eg er her i natt

Og ein dag vil du forstå

At naturen er så

Det same regnet som dreg deg innåt meg

Fell på elver og land

Og skogar og sand

Lagar den vedunderlege verda du ser

Om morgonen

Vesle barn

Ver ikkje redd

Din kjære måne er kledd i uvêrsskyer

Og månestråleglans

Gjev draumedans

Eg er her i natt

Vesle barn

Ver ikkje redd

Vinden gjer tre om til dyr

Og greinene vert hender

Uverkelege, og du kjenner

At eg er her i natt

Og ein dag vil du forstå

At naturen er så

Det same regnet som dreg deg innåt meg

Fell på elver og land

Og skogar og sand

Lagar den vedunderlege verda du ser

Om morgonen

For til og med eg

var eit lite barn

og eg var redd

Men einkvan snill kom alltid til meg

Og turka kvar tåre

Og svævde kvar fåre

Og gav meg eit kyss til godnatt

Og no er eg stor

Og ettersom åra fór

Såg eg at regnet kjem som dag og natt

Men det er mørkt og sein kveld

Så eg held deg likevel

Til dei redde augo dine lèt seg att

Og eg vonar at du vil forstå

At naturen er så

Det same regnet som dreg deg innåt meg

Fell på elver og land

Og skogar og sand

Lagar den vedunderlege verda du ser

Om morgonen

Alt er godt når det er morgon

Regnet vil forsvinna i morgon

Men eg vil enno vera her i morgon

Vienna Teng more
  • country:United States
  • Languages:English, German, Chinese
  • Genre:Folk, Pop-Folk, Singer-songwriter
  • Official site:http://viennateng.com/
  • Wiki:http://en.wikipedia.org/wiki/Vienna_Teng
Vienna Teng Lyrics more
Vienna Teng Also Performed Pyrics more
Excellent Songs recommendation
Popular Songs
Artists
Songs