Un autre monde [Norwegian translation]

Songs   2024-07-03 07:43:21

Un autre monde [Norwegian translation]

Eg drøymde om ei anna verd

der jorda var rund

der månen var gul

og livet bar frukt

Eg sov så djupt og fast,

eg såg ikkje foten føre meg,

eg drøymde verkeleg,

det verkelege for meg.

Eg drøymde om ei anna verd

det var mysterium der,

ei mindre jordfast verd

der alt i lufta fer.

Eg gjekk med augo att,

eg såg ikkje føtene føre meg,

eg drøymde verkeleg,

det verkelege nagla meg.

Ja, eg drøymde om ei anna verd

og jorda er framleis rund,

og månen er framleis gul,

i kveld dansar skugge med skugge.

I min urørlege draum

var det heile nyttelaust,

men når eg snudde meg, snudde ho

og det verkelege tilgav meg

Det verkelege tilgav meg.

I kveld dansar skugge med skugge.

Téléphone more
  • country:France
  • Languages:French
  • Genre:Rock
  • Official site:
  • Wiki:https://fr.wikipedia.org/wiki/Téléphone_(groupe)
Téléphone Lyrics more
Téléphone Featuring Lyrics more
Excellent Songs recommendation
Popular Songs
Artists
Songs